article

1 Hilsen fra Sjøfartsdirektoratet

Figur 2: Fungerende sjøfartsdirektør Lars Alvestad.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsnæringa er ein viktig del av identiteten til Noreg, og sjøfolka spelar ei heilt sentral rolle i denne næringa.

Norsk Forening for Maritim Medisin har vore viktige i arbeidet for å fremja og styrka maritim medisin som fag – ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. Foreininga vart etablert som følgje av at fleire engasjerte fagkunnige såg nytta av å samla seg i eit nettverk, der personar med særskilt kompetanse innan maritim medisin fekk ein felles arena. Føremålet om å bruka maritim medisin til å betra tilhøva i næringa og den enkelte sjømann har heile tida vore rettleiande for arbeidet til foreininga.

Sjøfartsdirektoratet har, sidan etableringa i 1903, hatt fokus på helsa til sjøfolk, ikkje berre for skipsarbeidstakaren, men også for kollegiet ombord. Den norske flagget skal vera det føretrekte flagget – for sjøfolk, dei som ventar heime og reiar. Ein trygg arbeidsplass er også ein god rekrutteringsarena, og det er viktig for oss som sjøfartsnasjon.

Sjøfartsdirektoratet har i 50 år hatt eit godt og nyttig samarbeid med Norsk Forening for Maritim Medisin. Foreininga har gjort ein viktig jobb i sine første 50 år, og som fungerande sjøfartsdirektør er eg trygg på at vi i fellesskap kan jobba saman dei neste 50 åra også.

Gratulerer med 50 års-jubileet!

Lars Alvestad

Fungerande sjøfartsdirektør